Båndtvang fra 01.04 - 10.10

Frå og med 1. april er båndtvang innført i hele landet, også Vestre Slidre. I tillegg til ordinær båndtvang, har Vestre Slidre innført utvida båndtvang slik at dette gjeld til 10. oktober.

Mange har siste året blitt nye hunde-eigarar. Truleg vert det og ein ny Norges sumar, der mange vil feriere innanlands, også i høgfjellet. Derfor vil Fjelloppsynet søke samarbeid med fleire aktørar for å redusere talet på laushundar no i sumar. Alle hundar skal haldast i bånd, og det inneber og at ein lydig hund som kjem på innkalling også må haldast i band no i bandtvangstida. Utanom bandtvangstida skal hundar uansett haldast under kontroll

KVIFOR BANDTVANG?

Viltet

Alle artar er sårbare om våren/sumaren. Etter ein lang vinter treng dyr og fuglar ro for å kunne hente seg inn att før dei skal legge egg/ha ungar. Mange bakke-hekkande fugle-artar starter egglegging tidleg i mai, dette gjeld både i skogen og i fjellet. Det er og tam rein som trekker gjennom vår allmenning om våren og hausten, som og er utsett for laushundar.

Sjølv den snillaste hunden kan gjere stor skade på eit lite øyeblikk, og vi har alle eit ansvar for å ivareta viltet. Vis Ansvar !

Beitedyr

I fjor var det fleire tusen beitedyr i Vestre Slidre. Det er fleire som har opplevd negative situasjonar og skader, som følgje av lause hundar. Hugs at båndtvangen gjeld sjølv om hunden har et gyldig sauebevis, ein opplever fleire som trur det er greit å ha hunden løs så lenge den er “saue-rein”. Dette hjelper imidlertid ikkje vilt og fuglar.

Hundeloven har eit krav om at hunder skal haldast i band, vere innestengt eller inngjerda i perioden 1. april til og med 20. august. I tillegg er det vedteke ein kommunal forskrift om bandtvang for hund i heile Vestre Slidre kommune frå og med 21. august til 10. oktober. Det er nokre unnatak frå bestemmelsene, les meir om dette i hundeloven eller i kommunal forskrift. Du kan og lese meir om bandtvang på lovdata.no. Til info omfattar unnataka med anna lovleg jakt/jakthund trening.

Ulovleg trening av fuglehund

Fjelloppsynet opplever stadig at nokre trener med fuglehund i juli/august. Det er flott å gå tur med hunden, men om det nyttes langline, og ein oppsøker rypekull og løser desse ut er dette ulovleg trening og kan påtalast. Gå gjerne med hunden i langline, og skremmer man tilfeldigvis opp eit rypekull er dette sånn det er, men ikkje oppsøk slike situasjoner. Avbryt når hunden viser interesse og stram inn lina.

KVA KAN DU GJERE FOR Å BIDRA?

  • For det fyrste skal du ha din eigen hund i band. Gjetarhunder (og andre tjenestehunder) har fritak frå bandtvangen, men berre når dei er på jobb.

  • Vi ynsker at du ringer til politiet 02800 når du ser ein laus hund i båndtvangstid, sjølv om du ser hunden på lang avstand. Dette er for at det skal gå fram at lause hundar er ein utfordring. Skjer dette i statsallmenning er det fint om fjelloppsynet og får beskjed (tlf 90 92 16 54)

  • Hvis du vil gå vidare med saka på eige initiativ og anmelde forholdet så er det ein god ide å filme den lause hunden. Ein video er betre enn eit bilde. Alle kan spørre om navnet til hunde-eigaren, sjølv om det ikkje er sikkert at denne vil svare. Hvis vedkommande ikkje vil oppgje navn kan du følgje med og sjå om personen går til ein bil eller til ei hytte. Dokumenter med reg.nr. eller hytteadresse.

POLITI ANMELDELSE

Ved klare brot på bandtvang bestemmelse kan fjelloppsynet (og andre) politi anmelde dette. Dette kan føre til bot (forelegg - som faktisk vert liggande på rullebladet v/ utvida/uttømmande politi attest). Det er og mogleg å forfølge saka vidare gjennom Norges Kennel Klubb (NKK), der det eksempelvis gis inntil 2 års karantene for utstillingar/jaktprøver. I tillegg kan løshund problematikk evt ekskludere eigar/førar frå å kjøpe treningskort nokre år frem i tid. (hald derfor hunden i band!)

Velkommen til oss med hunden i band!

Harald Ranum