Offentleg ettersyn
UTLYSING AV TILLEGGSJORD, ØVRE NØSEN / GRØNELI
Fjellstyret har motteke ein søknad om tilleggsjord tilhøyrande S806 på Grøneli (G/Bnr 80/18)
Det er i handsaminga funne ca 37 daa som kan dyrkast opp nær 94/1/833 (tilleggsjord), samt at det er sett på ca 10 daa inntil stølen 94/1/806 – (utvida støl). Det kom og gjennom vedtaket eit nytt forslag om ytterlegare 20 daa mellom stølen 806 og tilleggsjord 807 – dette kan visast ut som beite (eige vedlegg).
Følgjande vedtak vart fatta i sak 31/2024:
I tråd med Seterforskrifta §§ 6 og 20, legg Vestre Slidre fjellstyre ut omsøkt areal på Øvre Nøsen på høyring. Deler av 94/1/833 søkjes omdisponert til ny tilleggsjord for oppdyrking, jfr seterforskrifta § 20, og nytt areal nord for 94/1/806 søkjes lagt ut til utviding av støl, jfr seterforskrifta § 6. Det vert vist ut ca 20 daa mellom støl (S806) og tilleggsjord (S807) – til beite jfr seterforskrifta §5.
Rekkefølgjekrav: 94/1/806, 819 må dyrkast opp, minimum dei deler som er definert som dyrkbare – før nytt areal kan tas i bruk/nydyrking kan starte opp.
Poenget med rekkefølgjekrav om nydyrking, er å sikre at allereie tildelt areal vert fullt ut nytta før nytt areal kan takast i bruk.
Relevante opplysningar om saka framgår av vedlegg i sak 31/2024
Eventuelle merknader må sendast skrifteleg til Vestre Slidre fjellstyre, Slidrevegen 20, 2966 Slidre, evt epost: vestre.slidre@fjellstyrene.no og må vere motteke/i hende innan 07.02.2025.