Om stølsbruk
Vestre Slidre er den statsallmenning som har det mest aktive stølsbruk i landet.
- 300 stølar fordelt på 40 stølslag
- 90 % av desse er i bruk til mjølkeproduksjon, beite eller slått
- 95 % av mjølkeprodusentane nyttar stølane til tradisjonell stølsdrift
- stølar/tilleggsjord: 7.500 da
- dyrkbar jord: 25.000 da
Stølane har i mange hundre år vore svært viktige for landbruket i Slidrebygdene, og kultur-landskapet i fjellet ber sterkt preg av dette. Landbruket i Vestre Slidre har den mest aktive stølsbruken i heile landet, over 95 % av mjølkebruka tek buskapen til fjells om sommaren. Dei fleste stølane finn vi i tettbygde stølslag på dei frodige, flate viddene i Vestfjellet.
Områda i Vestfjellet er peika ut som eit viktig natur- og kulturlandskap av Nordisk Ministerråd og dette er også dokumentert gjennom fleire andre undersøkingar. Nedgangen i landbruket trugar no dette landskapet og den livsforma som har skapt stølslandskapet vi kjenner i dag. Det gamle kulturlandskapet med levande tradisjonar og stort biologisk mangfald er Valdres-landbruket sitt viktigaste bidrag til storsamfunnet.
Forskrift om stølsbruk i statsallmenning
Rundskriv om stølsbruk (M 1-2016)