Bærmelding for Vestre Slidre statsallmenning

Fjelloppsynet har vore ute og sett etter multe. På fleire stader er det fine multemyrer med mykje fin kart i god utvikling.

Myra på bilete som er take ligg ved Storfjorden og er på ca 870 m.o.h. Det er mogleg det er litt seinare i utvikling høgare i fjellet.

Uansett tyder det på eit greit multeår, ihvertfall nokre stader.
Multe har eit høgt innhald av askorbinsyre, som gjer at den kan lagrast lenge utan å mugne. Dette saman med eit veldig høyt innhald av C-vitamin gjer at dette var tidlegare ein ettertrakta mat og vitaminkjelde ut over vinteren.

Oppfordring: ikkje plukk kart- berre plukk modne bær! Bæra er modne når dei er orange, og kan plukkast utan at hamsen følgjer med - dette til info

Multemyr ved Storfjorden

Berre kart enno, men med litt varme og ei uke eller to så er skogens gull klare for hausting.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Rypetaksering er i gang

Neste
Neste

Ei storruse er flytta til Rensenn