Fjellstyret sin tilskottsordning

I fjellstyremøte den 12. februar 2025 vart det vedteke å legge ut den nye tilskottsordninga ut til offentlegheita med mulegheit å kunne søkje.

Vestre Slidre fjellstyre har også tidlegare hatt tilskottsordningar, men då handsama sakar etter kvart. Det nye no er at det er sett ein pott som er styrt av tidlegare års overskott – samt ein ny pott ved oppstart i 2025 som er på kr 250 000,-. Denne vil bli fortløpande fylt på med regnskapets overskott frå førre rekneskapsår.

I utgangspunktet vil det fastsetjast ein årleg prioritering, som skal vere med å prioritere kva som ynskjes tildelt midler til for kvart år. Imidlertid er det tenkt ein meir open inngang til denne ordninga nå i 2025 sidan dette er fyrste året med ein slik revidert ordning, sjølv om det ligg nokre føringar til grunn som er fastsett i fjellstyresak 15/2024.

Det er eit poeng at tilskott frå fjellstyret vert samordna med andre tilskottsordningar som t.d. UKL, evt andre offentlege ordningar. Målet er å fordele tilskott på mange gode tiltak – og difor er det sett krav om noko eigeninnsats/finansiering

Alle kan sende inn søknad med kostnadsoverslag samt finansieringsplan og ein forklaring på kva tiltak som ynskjes utført. Dette gjeld i utgangspunktet tiltak i statsallmenninga.

Frist er 01. mai 2025, og søknad sendes på epost med naudsynte vedlegg til: vestre.slidre@fjellstyrene.no

 

Be om bekrefta mottak for å vere sikker på at søknad er komme fram.

Neste
Neste

Båndtvang fra 01.04 - 10.10