Forlenga orrfugljakt og hundetrening

Fjellstyret behandla sak om forlenga orrfugljakt samt hundetrening i møte den 02.10.2024.

I sak 28/2024 ble det fatta følgjande vedtak:

Med hjemmel i fjellova § 23 vedtar fjellstyret følgjande avgrensninger for orrfugljakt i 2024:
• Sesongkvote pr jeger i perioden 05.10 – 14.12 er totalt 5 orrfugl
• Baglimit pr dag er 1 orrfugl – uansett korttype.
Omfang på kortsal – Orrfugl er følgjande: 15 stk sesongkort / 15 stk vekekort / 10 dagskort pr dag i perioden
05.10-14.12

Omfang på treningskort samt sesong er følgjande
Totalt 30 stk sesong/periodekort, fordelt på to perioder. 15 kort per periode.
Periode 1: 5.10.24 til og med 14.12.24
Periode 2: 21.02.25 til og med 31.03.25
Det kan kun tildelast treningskort i ei periode per person.
16 av korta er reservert for personar med hytte i Vestre Slidre.

Det åpnes ikkje for treningssamlinger haust 2024/vår 2025

Kortsalet for orrfugl opner fredag 4. oktober på inatur.no kl 09.00. Her er det nytta “førstemann til mølla” prinsippet.

Når det gjeld sal av treningskort for fuglehund blir dette og lagt ut på inatur.no. Det opnes fyrst for dei kort som er reservert dei som har hytte i Vestrte Slidre kommune. Dette opner 4. oktober kl 09.00.

MERK ! her er det ein føresetnad at ved evt kjøp må du oppfylle følgjande krav:
Kortkjøpar må sjølv eige hytte i Vestre Slidre kommune, eller vere i direkte slekt/familie med hytte-eigar opp eller ned ein generasjon. Desse reglane er sett fordi dette er kontrollerbart i ettertid. Dette vert fulgt opp etter kortkjøp, der kjøpet reverserast/ er ikkje gyldig dersom kortkjøpar ikke oppfyller dei oppsette krav.

Deretter vert det lagt ut treningskort som ikkje er tilknytta hytter innafor kommunen - men er opne for alle - dette opner lørdag 5. oktober kl 09.00.

Det er sett eit avgrensa tal for treningskort grunna forhaldsvis låg rypebestand, slik at dette ikkje skal vere negativt på rypebestanden.

Ein ber om forståing for dei politiske val som er tatt gjennom dette vedtaket, og at det vert respektert av dei som i år desverre ikkje får tak i treningskort.

Harald Ranum