Gratis hogst av granved og juletre
Attgroinga gjer at viddene våre snart er skogdekte. Området mellom Vaset og Trøllhøvd ynskjer vi skal vere fritt for granskog i framtida. Alle som vil, kan difor gratis hente seg granved og juletre innanfor området avgrensa med svart strek på kartet. Dette er eit prøveprosjekt inntil vidare i samarbeid med Vestre Slidre allmenningsstyre.
Hogg ikkje rett ved hus utan å avklare det med dei som høyrer til der.
Slik reserverar du juletreet: Bruk sumaren/hausten til å finne deg små og store juletre. Merk juletreet med namn/årstal og hent det til jul! NB! Du må gjerne ta med deg fleire juletre!