Hele Noreg båler - opning av friluftslivets år 2025

Laurdag 18. januar er startskotet for den landsdekkande feiringa og markering av friluftslivet år 2025.

I den samanheng er det laga til eit opplegg på Slidre kulturhus, som kommunen arrangerer. I tillegg arrangerer DNT-Valdres isbading og badstu ved Tingsteinen kl 13-14.30.

Saman med DNT på Tingsteinen kjem og Vestre Slidre jeger og fiskarlag og fjellstyret. Det vert fyra bålpanne i dette tidsrommet og servert kaffe og kanskje noe attåt for den som ynskjer noko å varme seg på. I tillegg vil det bli mogleg å prøve seg på å fyre opp bål på “gamlemåten” utan fyrstikker. Enkel premiering til dei som klarer dette kjappast..

Muleg å parkere ved innkøyringa frå E16, eller evt i Slidre sentrum og gå ned bakken på gangvegen til Tingsteinen (ingen bilkjøring på gangvegen der i dette tidsrommet)

Kom ein tur da vel….

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

I februar kan du søkje til Statskog om tiltak/prosjekt i statsallmenninga

Neste
Neste

OFFENTLEG ETTERSYN – UTLYSING AV TILLEGGSJORD, ØVRE NØSEN / GRØNELI