Info om småviltjakt 2023 / hundetrening vår 2024

I fjellstyremøte den 01.09.2023 vart det fatta følgjande vedtak (samrøystes):

Med hjemmel i fjelloven § 23 vedtar fjellstyret følgjande avgrensninger for småviltjakta 2023:

·  Ingen jakt på rype hausten 2023 – dette grunna låg bestand samt låg kjuklingproduksjon.
·  Det er mulig å kjøpe inntil 15 stk treningskort for fuglehund for utanbygdsbuande. Dette gjeld sesongkort i perioden 05.oktober – 14.desember 2023 samt 23.februar til og med 22 mars 2024. Det kan bare tildeles treningskort i en av periodene – per person. Administrasjonen håndterer trekning av treningskort. Dette inneber ingen treningssamlingar vinterstid.
·  Treningskort for innanbygdsbuande inngår som før i jaktkort – i perioden 15.09 – 24.09, 05.10 – 14.12. samt 23.februar til og med 22 mars 2024
·  Harejakt som før
·  Sesongkvote på 5 orrfugl per jeger i perioden 15.9 – 24.9 (2×5 dager), samt sesongkvote på 5 orrfugl i perioden 05.10 – 14.12 .
·  Orrfugljakt reduseres til følgjande (kartmessig avgrensing)
·         Sesongkort:      Totalt 15 stk
·         Ukeskort:           Totalt 15 stk
·         Dagskort:           Totalt 10 stk (pr dag)
·  Ang refusjon av tidlegare løyste jaktkort – fremmes det forslag om følgjande alternativ:
·         Overføres til treningskort for rype for 5 dagar
·         Refusjon av 75% av innbetalt beløp.


Det har vore ein del sterke meiningar om dette temaet, som fyrst og fremst går på moglegheit for å kunne løyse treningskort for rype (dei fleste er einig i at å frede rypa er riktig i denne situasjonen).

I Vestre Slidre statsallmenning har det vore ein veldig stor auke i kortsal når det gjeld sal av treningskort siste åra. Vedlagt graf skildrer utviklinga over tid (i omsetning i kroner - prisen pr dag er auka marginalt siste åra- til info) . Innanbygds jegerar som har jaktkort med hund kjem i tillegg - då dette inngår i dette jaktkortet. Til info er arealet som nyttas ved lirypetaksering rekna til 175 km2 - altså eit forhaldsvis lite areal.

Som grafen syner er det 6 gonger meir omsetning på treningskort for rype no samanlikna med tidlegare år. Dette har nok fleire grunner - hovudsaklig er Vestre Slidre statsallmenning lett tilgjengelig med bil langt inn i terrenget - også vinterstid. I tillegg er det mange hytter der eigarar har fuglehund. Dette gjeld både Vestre Slidre samt omkringliggande kommunar. Det er og mange fastbuande i nabokommuner som kjem til Vestre Slidre for å trene fuglehund her.

I 2022 vart både forskningsinstituttet NINA samt høgskulen i Innlandet (Evenstad) kontakta for å undersøkje om det finst forskning som viser påverknad av stort omfang av trening på rype - særskildt vinterstid. Svaret er at dette finst det ikkje forskning på. Dermed er heile spørsmålet uavklara - om trening i større omfang på eit mindre areal faktisk påverker/ eller ikkje ein rypebestand.

Med dette som bakgrunn, har Vestre Slidre fjellstyre valt ein “føre var” haldning når det gjeld omfanget på treningskort for rype. Dette gjeld særskildt nå denne sesongen, som det er såpass marginalt med både stamfugl og lite kjuklingar. Derfor er det i vedtaket opna for eit avgrensa tal på treningskort, og ein deler dette i 2 periodar: høst og vinter. For å kunne fordele desse korta best mogleg er det lagt opp til at ein person berre kan få tildelt ein periode.

Vi legg opp til trekning av treningskort i dei to angitte periodane (haust/vinter). Det kjem ein søknadsportal på vår heimeside om litt. For dei som er trekt ut med jaktkort på bl.a. rype i september - er det mulegheit for anten refusjon eller overføre dette til treningskort i den perioden man skulle jakte. Det vert ikkje seld treningskort i september - ut over overføring frå jaktkort. Alle som er tildelt rypejakt vert kontakta i uke 36.

Fjellstyret håper dette respekteres, og at ein forstår det i år med såpass marginalt tal på rype/ekstraordinær låg kjuklingproduksjon - må ein tåle noko reduksjon i vanleg aktivitet. Ein skjønner dette er leit for mange som sista åra har nytta Vestre Slidre statsallmenning som treningsfelt for fuglehund. Imidlertid er det andre stader i Valdres utan det omfanget som finst hos oss det er mulig å løyse treningskort - dette til info.

Ein håper og at fjelloppsynet slepp å handtere “ulovleg trening” i haust og neste vinter. Hugs at går ein tur med hunden utenom båndtvang tida skal den vere under kontroll - det er den ikkje når den er langt unna og evt “styres” med håndsignal.

Fortsatt fin haust frå Vestre Slidre fjellstyre

Harald Ranum