Isfiskedag med 5. klasse: Slidre skule

Vestre Slidre jeger og fiskarlag saman med fjelloppsynet har arrangert isfiskedag. Dette inngår som eit av dei faste arrangementa vi gjer gjennom året opp mot skulen

Det vart sett ut isonglar på førehand, slik at når elevane kom ut på isen om morgonen fekk dei velje kvart sitt snøre som dei skulle sjekke. På to av snøra var det aure, den eine kom opp, og på den andre rauk snøret. Det var kanskje ikkje så rart, då denne auren var godt over 1 kg !. Me fekk gode bilder(video av seansen, og denne auren vart den store snakkisen gjennom dagen.

Det vart fleire bett, men ikkje fleire fisk oppå isen. I kjent stil steikte Finn og Kari aurefiletar, og alle smakte og syntes dette var godt. Moro når borna liker fisk!

Det ble gjennomgått og vist mykje ulikt isfiskeutstyr, då med fekk med oss Rune Nystuen som er “proff” isfiskar med mye erfaring. Det ble villig lånt ut mye utstyr, så mange fekk prøve ulike fiskemetodar.

Denne klassa blir take med fjelloppsynet og jeger og fiskarlaget på garn/stangfiske neste summar. Dermed får dei prøve seg både sumar og vinter.

Takk for en flott dag med en fin gjeng fra Slidre skole

Vestre Slidre jeger og fiskarlag
Vestre Slidre fjellstyre



Harald Ranum