Jaktprøver osv: Terreng vert tildelt medio desember etter søknad

Søknader om jaktprøver/treningssamlinger osv for våren 2020 bør sendast inn snarast (innan 01.12.2019). Vi samler opp alle søknader, og tildeler terreng ca medio Desember.

Generelle prinsipp for tildeling av terreng vart handsama i fjellstyret i sak 26/2018, der det vart avgjort følgjande styringsprinsipp for tildeling:

  1. Storleik på arrangement (dvs. talet på deltakarar)

  2. Faste arrangement i ein årrekke gjev noko prioritering

  3. At det er eit open arrangement/terminfesta (eks. ikkje berre for klubbens medlemmer)

Ved søknad minner ein om følgjande vanlege vilkår:

  1. Prøvedato: frå – til

  2. Areal: Presisering av hvilke terreng en får tilgang til

  3. Slepp: Kun 2 hundar lause på same tid.

  4. Retur: Deltakarane skal følgje partiet under prøva. Dersom ein representant frå klubben følgjer dei tidlege utslegne deltakarane tilbake til parkeringsplassen, er det tillate at ei gruppe kan forlate partiet. Retur langs veg blir rekna på lik line med retur i terrenget.

  5. Rapport: Klubben pliktar å sende inn rapport til fjellstyret fyrste måndag etter prøva.

  6. Pris: Kr 150 pr. dag pr. startande hund, betalast inn til bankgiro 2153 07 04561 innan 14 dagar etter prøvedato.  Klubben pliktar å orientera Mattilsynet om jaktprøva etter gjeldande lovverk.

  7. Deltakande hundar skal ha gyldig bevis for aversjonsdressur hund/sau

Rypejentene sin samling høsten 2019 - foto: Bente Irene Odden

Rypejentene sin samling høsten 2019 - foto: Bente Irene Odden

Harald Ranum