Kvoter for småviltjakt 2021

I sak 30/21 i fjellstyremøte den 01.09.2021 vart det fastsatt kvoter og jakttid for småviltjakt. Taksering viser ein del vaksne ryper (same totalmengde som i 2020), men lite kyllingar. Med dette som utgangspunkt er jakta innskrenka både med omsyn på antall fugl samt muligens i forhold til jakttid.

Oppsummert gjeld følgjande for fuglejakt i september (15-25 september):

Rypejakt: totalkvote - 2 ryper pr 5-dagers kort og maks ei rype per dag. Sesongkort har totalkvote på 3 fugl, maks 1 rype pr dag.

Orrfugljakt: Totalkvote på 3 orrfugl pr jeger

Vi har valgt åpne for jakt med begrensinger, og det er viktig at alle respekterer dei fastsette kvoter for å unngå å redusere bestand av vaksen fugl så det ikkje vert for stor verknad på neste års jakt.

Alle dei som allereie har fått tildelt jakt i september vert direkte tilskrive med info om kvoter. Det vert ikkje solgt fleire jaktkort i september ut over forhåndssalget.

Lykke til i haust.

Vestre Slidre fjellstyre-34_redusert.jpg
Harald Ranum