Multer!

Dette er eit godt år for multeplukking. Det er mykje multe på myrane, sjølv om noko av bæra er små. Det er og mykje kart saman med modne bær, så her vil ein kunne plukke multer i fleire veker framover.

Dette er fjellets gull, og heilt gratis! Frå gamalt av var dette ei viktig C-vitamin kjelde vinterstid, men om dette ikkje er like naudsynt i dag er det like godt av smak. Ein god julemiddag er ikkje heilt den same utan sjølvplukka multe frå Valdres.

Tettpakka med multer

Tettpakka med multer

Harald Ranum