Nytt fjelloppsyn: Anstein Felde Johansen

Det er tilsett nytt fjelloppsyn i Vestre Slidre fjellstyre. Han har byrja 1. februar, og er no godt i gang.

Anstein Felde Johansen er 53 år, kommer fra Byrkjelo men er busett i Bergen. Han har i dei seinare åra m.a. jobba i Engerdal fjellstyre samt for ishavstenesten på Bjørnøya og Hopen. Han er utdanna frå m.a. Høgskulen i Nord-Trøndelag.

Han vart nr 2 i tildelingsak 22/2022, og når opphavleg kandidat trakk seg i prøvetida var det naturleg å nytte denne tildelinga i staden for ny utlysing.

Anstein vil ha som hovudansvar jakt/fiske samt vil vere den som er mest ute i felten - ihvertfall på barmarks sesongen. Dette er ei deltidsstilling, så foreløpig er det fulltid i perioden februar - oktober.
Vi ynskjer han velkommen til Vestre Slidre, og håper han får ein trivelege arbeidsdagar her hos oss.

Anstein Felde Johansen

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Trekning rype - og orrfugljakt er åpna for 2024

Neste
Neste

OFFENTLEG ETTERSYN – etablering av gapahuker i Vasetområdet