OFFENTLEG ETTERSYN: ledig stølsjorde S737 på Murkelie

Støl med festenummer 737 i Vestre Slidre statsallmenning lyses med dette ledig, då den er fallen i det fri/oppgjeve utan atterhald jfr Fjelloven § 22.

 Arealet er ca 25 daa, som oppgjes som fulldyrka men som er delvis attgrodd. Det er ingen bygg på arealet.

 Arealet kan tildelast som støl, tilleggsjord eller beite, til eigedom i drift.

 Ein ber om at følgjande vert oppgjeve ved søknad:

·         Kva ein ynskjer å nytte arealet til (støl, tilleggsjord eller beite)

·         Kva drift ein har på eigen gard

 

Eventuelle søknader må sendast skrifteleg til Vestre Slidre fjellstyre, Slidrevegen 20, 2966 Slidre, evt epost: vestre.slidre@fjellstyrene.no og må vere motteke/i hende innan 10.08.2021.

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Video frå fiskeutsetting med 9. klasse

Neste
Neste

Sumar vikar i 2021