Offentleg ettersyn - nytt tilleggsjorde på Øvre Nøsen

Christin Hambro på S819, Øvre Nøsen har søkt om eit nytt tilleggsjorde som skal fulldyrkast. Dette litt i samanheng med stølen til G/Bnr 82/9

Fjellstyret fatta følgjande vedtak i sak 09/2024:
I tråd med Seterforskrifta §20, legg Vestre Slidre fjellstyre ut omsøkt areal på Nøsen på høyring. Dette søkjes omdisponert til tilleggsjord, og dybde på evt torvlag må avklarast i høyringsperioden/før vedtak kan fattast. Høyringa omfattar og avklaringar rundt evt krav om rekkefølgje til nydyrking på 94/1/806 samt 819.

Eventuelle merknader til saka må sendast skrifteleg til Vestre Slidre fjellstyre, Slidrevegen 20, 2966 Slidre, evt epost: vestre.slidre@fjellstyrene.no og må vere motteke/i hende innan 03.06.2024.

Vedlegg
Høyringsbrev
Utskrift av sak 09/2024

Harald Ranum