Oppdatert kartløysing for fjellstyret

I samarbeid med kommunen nytter både Øystre Slidre og Vestre Slidre fjellstyre felles kartløysing. Denne er no oppdatert, og kan sjåast via våre nettsider:

Eller direkte via følgjande link: Vestre Slidre fjellstyre

Det er viktig å passe på å ikkje aktivere for mange symbol/ kartlag samtidig - for då vert det uoversiktleg. Ta nokre få symbol om gongen.

Litt av poenget med kartet er at dette kan opnast i telefonen, og om ein nytter GPS funksjonen på telefonen ser ein om ein eks er innanfor det fiskeområdet/jaktområdet eller treningsområdet man evt har kjøpt kort for. Evt kor er næraste toalett - noko som kan vere greit å vite…

(Det kjem eit toalett på Grønsennhøgda som ligg inne i kartet - men som ennå ikkje er sett opp)

Lykke til med den nye kartløysinga.




Harald Ranum