Oterkort for storfjorden i 2019

Fjellstyret vedtok i møte den 07.05.2019 (sak 14/19) å gjennomføra prøveordning med oterfiske for utanbygds i Storfjorden. Dette kjem då i tillegg til oterkort-ordning som allereie eksisterer for Rensenn.

Grunngjeving for prøve-ordning er at dette vatnet er såpass stort, at det burde ikkje medføre særlege ulemper for øvrig fiske, men ein bed dei som løyser oterkort å ta hensyn til andre brukarar/båtar.

Det er mogleg å fiske med oter i perioden 15.06 - 15.08, og det vert bare seld inntil 3 kort pr dag. Ein oter er definert som 1 oter med maks 10 floger (ikkje sluk-oter eller liknande).

Skitt fiske til dei som ynskjer å nytte dette tilbodet.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Turmål for 2019 er klare den 23.juni

Neste
Neste

Årsmelding for 2018 er lagt ut