Resultat frå prøvefiske Storfjorden 2022

Fjellstyret gjennomførte eit prøvefiske i Storfjorden hausten 2022.

Statsforvaltaren i Innlandet har analysert resultatet, og dette føreligg no. Hele rapporten føreligg her.

Resultatet var noko forventa, og er bakgrunnen for at fjellstyret har sett i gang utfisking av abbor denne sommaren. Det vert lagt opp til bruk av storruser i minst 2 år (2023-2024).

Stadig varmare vær og vasstemperatur ser ut til å påverke auren i noko grad, då dette er ein kaldtvanns fisk. Varm temperatur favoriserar abbor, som i praksis gjer dette dobbelt så vanskeleg for auren.

Kortversjon på konklusjonen i rapporten er enten å setja ut meir ørret, eller å forsøkje med storruse for å redusera abbor-bestand. No som ein er godt igang med uttak av abbor vil ein forsøke dette fyrst, andre tiltak vil ein måtte ta i samråd med regulanten - FBR.

Nokre garn i prøvefisket hadde over 50 abbor…

Foto: Finn Hesselberg


Harald Ranum