Årets stamfiske

Fjellstyret har saman med FOSA settefiskanlegg gjennomført stryking av ørret i fjellet. Det er til no levert ca 8 liter med befrukta aure rogn. Det står att ein stryking med dei siste aurane, så er dette ferdig for i år.

Årets fangst har vore meir strevsam enn vanleg, då det kom tidleg is i fleire vatn. Det er noko meir arbeid med å få opp garn og halde fisken i live når det ligg fleire cm tjukk is på vatnet. Imidlertid har det gått veldig bra.

Det er imidlertid mange fisk som ennå ikkje er modne. Det er grunnen til at det må gjennomførast 3 strykingar for å få totalt 10 liter med rogn som det er avtala levering på. Denne fisken kjem att i våre og andre vatn i Valdres som høyrer til Begna vassdraget.

Lurer du på korleis dette fungerer - sjå her

Til sumaren skal vi setje ut fisk saman med 9. klasse på Slidre skule. Dette er eit årvisst arrangement der elevane er med og arbeider for fjellstyret med fiskeutsetjing for å tene pengar til skuletur. Det er og laga ein filmsnutt om dette - sjå her

Ikkje lett med garnfiske i isen

Bål for å varme opp rogna mens fisken strykes.

Harald Ranum