Rypejakta 2020

Fjellstyret har gjennomført rypetaksering i fyrste halvdel av August, og dette har resultert i sak om ei auke i kvoter på ryper samt tal på kort i forhold til for 2019.

Takseringa viser eit snitt på 15,8 ryper pr tellande kvadratkilometer (i 2019 var dette 10,0). Ut i frå ei berekraftig hausting på 15 % av haust bestanden, kan ein då hauste totalt 415 ryper i løpet av hausten.

Med det som bakgrunn har fjellstyret oppsummert vedteke følgjande:

kortsalget aukes med ytterlegare 20 stk kort

Kvote i perioden 15/9-24/9 er 5 ryper pr jeger for alle kort utanom sesongkort

Kvote i perioden 15/9-24/9 er 10 ryper pr jeger med sesongkort

Dagskvote på maks 2 ryper pr dag.

Dei 20 stk som vert trekt ut i forhold til venteliste som er etablert i juni, vert tilskrive direkte.

Skitt jakt til dei som er så heldig å få kort. Vi teljer opp etter september jakta, og vurderer då om jakta vert forlenga.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

OFFENTLEG ETTERSYN

Neste
Neste

Merking av grunner i Storfjorden