Søknad på småviltjakt hausten 2022 er klar i Inatur.no

No er søknadene på småviltjakt klare i www.inatur.no - siste søknadsfrist er 30.04. Den avklaringa som ein har venta på har komme - og det er no fastslått at fjellstyrene ikkje har anledning til å kunne gje fortrinnsrett på ein andel av korta til hytte-eigarar innafor kommunen. Ein går dermed attende til vanleg trekning og likestiller alle “utanbygds jegerar”. På sikt er det ein diskusjon om fjellstyret vel å gå ut av inatur.no for denne trekninga - grunna m.a. økonomiske hensyn, og opprettar ein lokal søknadsplatform på eigen heimeside (slik det var før 2016). Dette er enno ikkje avklart, så dette kjem ein meir tilbake til utover sumaren/hausten.

Det er kun “rypekorta” som ligg ute i trekninga nå. Når denne er gjennomført vil ein legge ut Orrfuglkort som “første mann til mølla”, og dei som ikkje har fått tildelt kort vil få epost om når desse vert lagt ut. Dette til informasjon.

Lykke til med trekning når den tid kommer.

Link til inatur.no:

Harald Ranum