Smårovvilt kort i forhold til ekstraordinær båndtvang

Vestre Slidre kommune har som kjent innført ekstraordinær båndtvang grunna store snømengder og tilhøva særskilt til rådyr men og andre hjortedyr.

Småroviltkortet er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestre Slidre fjellstyre og dei fleste andre grunneigarlag i kommunen. Alle vert omfatta av vedtak om ekstraodinær båndtvang.

Imidlertid har Vestre Slidre fjellstyre søkt om og fått følgjande dispensasjon til smårovviltkortet innanfor Vestre Slidre statsallmenning:

Kommuna sin grunngjeving:

Kommunen ser ingen problem med å unnta dei aktuelle områda under 1000 moh i Statsallmenninga frå bestemmelsane. Det er lite hjortevilt i desse områda og ein vurdere det difor ikkje som problematisk å dispensere frå bestemmelsen i her.

Vedtak:

Vestre Slidre kommune gjev med heimel i § 4 i Forskrift om ekstraordinær bandtvang for hund i 2023, Vestre Slidre kommune, Innlandet, dispensasjon for bruk av hund i samband med jakt på smårovvilt i Vestre Slidre Statsallmenning.

Fjelloppsynet presiserer at ein ikkje ynskjer denne småroviltjakta med hund innanfor stølslaga Murkelie/ Kvålstølen og Bjødnhøvd. Dette er grunngjeve med at dette ligg nært Vaset med ein del trafikk, samt at dersom det mot formodning skulle vere att hjortevilt i fjellet er det kanskje her dei kan vere.

Dette er sendt som ei sterk oppfordring til dei som allereie har løyst dette kortet - til info

Harald Ranum