Storruser i Storfjorden

Fjellstyret har sett igang utfisking av abbor frå Storfjorden. Det vart ein sterk auke i abbor for nokre år sidan, og dette går ut over aure-bestanden. Som eit kultiveringstiltak, er det difor sett ut 2 storruser (3 meter djupe) vest for Storøya. Desse er lett synlege, slik at det er ingen fare for at ein ubevisst kjøyrer båt inn i dei. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom fjellstyret og FBR.

Ein ber alle om å halde avstand, og desse er låste slik at ingen kjem inn i dei. Dersom det skulle forvilla aure inni desse, vert denne sjølvsagt sett ut.

Harald Ranum