Turmål 2020 er klare

Turmåla blir klare til Jonsok (23.6) og vil bli henta inn etter haustferien (14.10).  
    Last ned deltakerskjema og oversiktskartkart. 
    Last ned detaljkart for alle turane.

Ti turmål er valt i ulike delar av kommunen. Du hentar poeng på kvar tur du tek. Dette gjer at du kan gå fleire turar til same posten om du ynskjer det. For å få krus må du ha minimum 5 ulike turmål med til saman 235 poeng. Barn tom 10 år treng 170 poeng for å få premie.

Turmåla kan ha mange ulike startpunkt og i turmålskjema er det eitt framlegg til turrute. Pga. korona vil det ikkje blir satt ut turmålkasser med bøker for signering. På turmålet blir det satt opp eit infoskilt med kode som skal førast inn i skjemaet.

Turmåla blir sett ut til Jonsok (23.6) og vil bli henta inn etter haustferien (11.10).

Dei som har nok poeng fordelt på minimum 5 turmål, vil få eit porselenskrus med bilde frå Vestre Slidre. Barn (inntil 10 år) kan i staden velja ein annan premie, alternativ blir opplyst på nettside og  facebook når det er klart.

Levering av skjema  og henting av krus Intersport Vaset i tida 15.oktober-1. desember.

Krusa er betalt av Valdres sparebank og Vestre Slidre fjellstyre.

Takk til dei som er med på dugnad med å setja ut turmål.

Hugs at det er bandtvang for hund frå 1. april til 10. oktober.

«Turmål i Vestre Slidre» ble startet opp i 2002 i sammenheng med FNs internasjonale fjellår . Dette er et tiltak som har fått mange ut på tur til steder der de før ikke har vært på tur. Det er 10 turmål i ulike deler av kommunen, både korte og lange turer. Det er ulike poeng er hvor lange turene er. De som går til alle turmåla, vil få en porselenskopp i premie. Det er også mulig å flere ganger til samme turmål for å få nå nok poeng, men det må være minst 5 ulike turmål. Det er Vestre Slidre fjellstyret som arrangerer tiltaket med hjelp av frivillige til å gå ut med kasser og bøker. Krusa er betalt av Valdres sparebank, avd Slidre og Vestre Slidre fjellstyre.

Frå Lomisberget Foto: Toril Dalen

Frå Lomisberget Foto: Toril Dalen

Harald Ranum