Ungdomscamp - Vestre Slidre statsallmenning

Fjellstyret har fått tildelt støtte frå Miljødirektoratet til å arrangere ungdomscamp saman med Vestre Slidre jeger og fiskarlag.

Det vart 19 påmeldte, i alderen 8-15 år. Vi hadde booka fleire utlånstelt frå BUA, slik at alle som ville overnatte fekk anledning til dette. Det vart oppstart kl 10 på lørdag 17. juni. Tok litt tid å få opp telt å komme igang, men det skal jo øves på å setja opp telt og.

Fyrste aktivitet vart skattejakt med metalldetektor. Audun Myrvold frå Frivillighetssentralen kom og orienterte om korleis ein skal gjennomføre søk med metalldetektor, og lånte ut utstyr til dette. Det vart og forklara kor viktig det er å ivareta eventuelle kulturminner, samt ikkje minst å ta opp all søppel ein finn under søkjinga - det vert jo funne ein del metall skrap som kan vere farleg for dyr.

Demonstrasjon av utstyr

Her vert det funne ein 10-kroning. Litt av den “berømte, men lite omtala Buaråni-skatten”

Det er ikkje berre Hulabakk-skatten som det er sagn om i Vestre Slidre. Den mindre kjente “Buaråni-skatten er nok ein skatt av nyare tid, då det gjennom søk vert funne båe ein femtilapp og myntar av nyare dato. Sjølvaste hovudskatten vart ikkje funne før søndag, då arrangør av ungdomscampen etterkvart hugsa i kva område denne skulle ligge i. Det vart 3 unge jenter som fant denne - og vart 200 kroner samt ein flott, gamal hestesko rikare.

Myntar/sedlar og “gamle skattar” om einannan

Fisking av ein del av hovudaktiviteten, og det tok ikkje langt tid før den fyrste fisken kom opp. Den vart take frå land, og vert målt til 39 cm. Denne var lenge rekna som lengste fisk, og det var fyrst godt utpå natt til søndag at det kom opp tilsvarande fisk. Det var ein uoffisiell konkurranse som gjekk på lengde, og premien vart då delt (båe 39 cm).

Første fangsten fra land

I løpet av kvelden vart det prøvd båe oterfiske/jigging/andre fiskemåtar/dorging med ekkolodd/dyprigg/stangfiske fra land osv.

Det står mykje fisk i vatnet, dette er tydeleg på ekkoloddet. Men det var å få den opp da….

Det vart take ein god del fisk, og etter å ha trekt nokre garn som var sett ut dagen før ble det nok til fiskemiddag. Fiskefilet i røkt og stekt form, med tilbehør. Alltid godt å ha en kokk med på laget når ein skal lage mat til mange. Sjølvsagt vart det laga reservemat, og båe fisk og pølsene vart spist opp. Her skulle ingen sulte!

Trekking av garn for å sikre middagen

Fiskemiddag med garnityr, deretter sikringskost med Wienerpølse

Det ble fiske ut over natta, og instruktørane fekk lagt seg først kl 02.00. Klokka 05.00 banka det på teltet, her var nokon ungdommar klar igjen, så da var det berre å starte opp att båten og ut på ny runde.

Premieutdeling

Det vart delt ut premie for lengste fisk, samt beste resultat på ein natursti som vart gjennomført. I tillegg vart det klart gjennom kvelden/natta, at det også var naudsynt med premie for minste fisk. Denne minste fisken vart for sikkerhets skuld oppbevart i bukselomma på den heldige fiskaren, då det var fyrst klart på søndag at det ville bli premie for dette (til alles store latter når den ble trekt opp av lomma for å studeres)

Det vart ein veldig trivelig helg, og mange fornøgde ungdommar. Flott at det vart såpass mange påmelde på eit nytt prosjekt. Dette prosjektet skal gjentas!

Harald Ranum