Video frå fiskedag med 6. klasse

Fjellstyret saman med Vestre Slidre jeger- og fiskarlag har arrangert fiskedag på forsumaren med Slidre skule. Dette er eit årvisst arrangement, og det er 20 års jubileum no i 2021.

Vi håper det er mange elevar som har fått inspirasjon til fiske, grunna dette tiltaket. Dette heng og saman med eit tilsvarande arrangement for 4. klasse som arrangeres på isen kvar vår.

Hyggelig å treffe såpass mange positive og ivrige ungdommar, og det serveres smaksprøvar av skinn- og beinfri fiskefilet som er sprøstekt i panna - ikkje mange som takkar nei til dette - også dei som er skeptiske let seg overtala til å prøve. Då er det ekstra moro med utsagn som “ Fisk er jo faktisk godt ”.

Fjellstyret takker for tilskott frå Miljødirektoratet for dette arrangmentet.

Harald Ranum