Støl i bruk etter fjellova 

Om ein støl er i bruk eller ikkje, er viktig for byggesaker og frilegging av støl. Det er ikkje nødvendig med mjølkeproduksjon på stølen, men stølen må som minimum brukast til fôrproduksjon eller beite som ein del av jordbruksdrifta på garden. Det som er avgjerande er at stølen tenar den jordbruksmessige utnyttinga av eigedomen stølen høyrer til.

Isolert bortleige av stølen til ein allmeningsberettiga stølsbrukar er ikkje bruk jf. fjellova. Slik bortleige kan likevel skje for inntil ei periode inntil 10 år, men stølen er då ikkje i bruk.

Fjellstyret har akseptert at støl blir brukt til beite/fôrproduksjon når gard og støl blir leigd bort som ei eining. Statskog er ikkje samd i fjellstyret si tolking av regelverket.

Fjellstyret er pålagt å kontrollere om stølane er i bruk. Slik kontroll skal skje minimum kvart 10. år og dokumentasjon på kontroll skal sendast Statskog.

§ 9. Om når seter skal reknast for å vere i bruk
Blir setervollen hausta eller gjerda inn og nytta til beite som ein del av den jordbruksmessige drifta på eigedomen som setra ligg til, vil setra vere ” i bruk ” i høve til § 22 i fjellova.

Departementet sine merknader til § 9
Det framgår av § 2 i fjellova at rett som er knytt til ein jordbrukseigedom berre kan utnyttast så langt det skjer i tilknyting til jordbruksdrifta på eigedomen. § 9 i forskrifta gir nærare eksempel på kva som skal til for at ei seter skal reknast for å vere i bruk etter regelen om opphør i § 22 i fjellova.

Det er ikkje nødvendig med seterbruk i tradisjonell forstand i form av mjølkeproduksjon, men setra må tene den jordbruksmessige utnyttinga av eigedommen. For seter der det blir drive turisme i liten skala legg departementet til grunn at seterbrukaren som eit minimum bør hauste setervollen eller ha han inngjerda og nytte han som beite.

For at ei seter skal reknast for å vere i bruk, må bruken skje ut frå den eigedomen som setra høyrer til. Bortleige av seter for kortare periodar, inntil 10 år, er tillate, men vilkår om at setra skal vere ”i bruk” frå eigedomen der den høyrer til vil da ikkje vere til stades. Bortleige av setra kan vere ein indikasjon på at vedkomande jordbrukseigedom ikkje lenger treng setra. Setra skal ikkje kunne bli ”halden i hevd” ved å dra nytte av andre med bruksrett.

Fjellstyret skal føre jamleg kontroll av om utviste setre er i bruk. Slik kontroll skal skje minst kvart 10. år, og Statskog SF skal ha ein dokumentasjon på at dette er gjort for oppdatering av seterregisteret.