Stølsforskrift §6 

Jordbrukar med beiterett i statsallmenning som godtgjer at det trengst seter til drift av eigedomen, kan få utvist seter anten aleine eller saman med andre jordbrukarar, jf. § 18 første ledd og § 21 andre ledd i fjellova. Dette gjeld òg for utviding av seter.
Det er eit krav at behovet for seter blir dokumentert. Dette kan til dømes gjerast ved å leggje fram ein driftsplan.

Departementet sine merknader til § 6
Spørsmålet om utvising av seter blir avgjort av fjellstyret, jf. § 7 i forskrifta. Tidlegare blei det stilt krav om mjølkeproduksjon som grunnlag for utvising av seter. Det har normalt òg blitt stilt krav om at lokale landbruksstyresmakter har tilrådd søknaden. Departementet legg til grunn at fjellstyret nå òg bør kunne utvise seter til formål som går ut over mjølkeproduksjon. Eksempel på dette kan vere beiting av ungkyr, kyr for kjøttproduksjon eller ammekyr. Det kan òg vere utvising til ei driftsform der det blir teke sikte på ein kombinasjon av tradisjonell seterdrift og småskala turistmessig verksemd på setra.

Fjellstyra skal vurdere formålet med utvisinga opp mot det jordbruksmessige behov eigedomen har, og ”tida og tilhøva” sett i samanheng med situasjonen i det aktuelle bygdelaget. Utgangspunktet for fjellstyra sine vurderingar må vere om den som har bruksrett har eit reelt behov for seter.

Ved handsaminga av søknader bør fjellstyra mellom anna leggje vekt på følgjande moment:

  • Verksemda må vere ein integrert del av hovuddrifta på jordbrukseigedomen til den med bruksrett, og støtte opp om drifta av denne.

  • Den planlagde etableringa må ta omsyn til lokale tradisjonar når det gjeld næring, landskapsbruk, byggeskikk og omsyn til eksisterande natur- og kulturmiljø.

  • Ein skal òg leggje vekt på om etableringa sikrar levande setre og ei seterkultur for framtida.

  • Etablering av ny seter må ikkje vere til fortrengsel for eller til vesentleg skade for eksisterande bruksrettsutøving, under dette reindrifta si bruk. \

  • Søkjaren sine planar skal innebere dyrehald i allmenningen sommartid, og at nokon jamleg er til stades på setra i denne tida.

  • Verksemda må framstå som ei rasjonell bruksform, og planane for verksemda må bli vurderte som tenlege og levedyktige av lokale landbruksstyresmakter.

  • Verksemda må fordre ein viss bygningsmasse med driftsbygningar og husvære.