Bærmelding for Vestre Slidre statsallmenning

Sumaren 2023 har vore passe varm og blaut. Dette gjev gode forhold for m.a. multe.

Oppsynet registrerer at det er ein del myrer med store fine multer, som er på god veg til å modnast, særskilt 900-1000 m.o.h.. Det er ikkje heilt klart enno for multer, men det nærmar seg raskt. Håper mange tek seg tid til å nyte av fjellets gull når dei er klare.

Multe har et høyt innhold av askorbinsyre, som gjer at den kan lagrast lenge utan å mugne. Dette saman med eit veldig høyt innhald av C-vitamin gjer at dette var tidlegare ein ettertrakta mat og vitaminkjelde ut over vinteren.

Oppfordring: ikkje plukk kart- berre plukk modne bær! Bæra er modne når dei er orange, og kan plukkast utan at hamsen følgjer med - dette til info

Når det gjeld sopp er dette også eit godt soppår. Det er bl.a. mykje brunskrubb/raudskrubb og steinsopp i fjellet no, som er klare til å haustas i skrivande stund. Dette er vanlege artar som er gode matsoppar. NB! vær sikker på at du har riktig sopp…

Multer på 950 m.o.h. Enno ikkje heilt modne (dei er raude - ikkje orange ennå), men på god veg.

Harald Ranum