Uttak av abbor i Storfjorden

Sidan juni har fjellstyret sjekka storrusene regelmessig.

Det vart store fangstar i starten, og det vart take opp heile 150 kg på den første runden rusene vart tømte. Det er vanlegvis større fangstar tidleg i sesongen pga at abboren gyter på grunt vatn om våren idet isen går.

Fangsten av abbor har no gått ned, men fortsatt tek ein 30-50 kg pr tømming.

Det legges opp til at rusene står heile fiskesesongen, men muleg dei vert flytta noko rundt. Ein ber om forståing dersom nokon meiner dei er plassert litt i vegen for eige fiske, men det er ikkje så mange plassar desse kan stå då dei krev særskilte botnforhold, og ikkje djupare enn 3 meter over ein lengre strekning.

Det er tenkt at desse skal brukast i Storfjorden ihvertfall i 2 år, så vil ein nok ta ein prøvefiske i etterkant og sjå om dette forbetrar vekstforhold for ørret bestanden.

Det er fliere som har kontakta oss, og spurt om dei kan få abbor. Det er klart dei kan! Ta gjerne kontakt om de ynskjer dette. Det er ein god del av abboren som er fin matfisk, men litt arbeid å reinske. Er dette aktuelt, send oss gjerne ein epost (vestre.slidre@fjellstyrene.no) med ditt telefon nummer - så ser ein kva me kan få til. (då må du møte oss når me kjem inn med fangsten)

Totalt so langt har me fått over 450 kg abbor, så me håper dette bidrar til ein betre aure bestand over tid. Det er heldigvis særs få ørret som går inn i rusa.

Lokale hyttefolk som også er glad i abbor

Harald Ranum