Familiedag med ukrainske flyktninger

Vestre Slidre fjellstyre arrangerte måndag 14. august ein familiedag med dei ukrainske flyktningar som er busett i vår kommune.

Fjelloppsynet hadde sett ut garn i forkant, og måndag rigga vi oss til med fiskestenger/båtar og godt mot. Torill og Marianne frå kommunen kom opp med ein triveleg gjeng. Det vart instruert i fisking med stong. Alle prøvde å fiske, og det vart både botn napp og treklatring for å leite etter slukar - og var kjempemoro.

Ein bytta på å få vere med ut i båten og hente garn - der var det garantert fisk ihvertfall. Buaråne var enno flaumstor etter uværet “Hans”, så det påverka litt resultatet på stangfiske. Men det kom opp mykje fin fisk på garna.

Etterkvart kom det eit miniuvær - (ein liten “Hans”). Då me ikkje hadde med lavvu, flytta me ete-gildet til den nye fjellstyre-bua som er under bygging ein liten kilometer unna. Der vart det fyra opp i ovnen, og kokkane sette igang med steiking av aura og abbor. Fleire var med og fileterte, og det det vart ein fortreffeleg fiskelunsj. Stekt fisk er alltid ein slager - uansett nasjonalitet.

I Norge er mange vant med å filetere og steike fiske skinn og beinfri - dette er ikkje vanleg i Ukraina. Så her vart det servert ørret på både norvezʹka og ukrayinsʹka .

Multemyra bak hytta var nesten tømt i løpet av helga, men ein fann nok multer til at alle som ville fekk ein smakebit. Trivelig å kunne vise våre nye naboer kulturen vår, med fiske og multeplukking.

Takk til Miljødirektoratet for støtte til dette arrangementet, samt at Vestre Slidre kommune tok seg anledning til å ta med våre nye naboer til en fin tur i fjellet for litt kultur utveksling

Велике спасибі всім українцям, які хотіли приєднатися до нас на риболовлі. З поверненням.

Stekt aure og abbor er alltid godt

Ete-gilde i nyhytta i Buaråne

Skikkelig fangst!

Smakebit av multer til dessert

Harald Ranum