Familiedag søndag 14. juli kl 11.00 - Buaråne

For 37. gang på rad arrangerer Vestre Slidre jeger og fiskarlag familedag ved Buaråne.

Dette er ein uhøytidelig fiskekonkurranse for store og små - gratis for barn. Det er gode premier ! Det er og sett ut stor fisk i Buaråne i forkant - håper flest muleg av desse vert fanga på familiedagen.

I kjent stil vert det servert smaksprøver av aure/abbor og sik i både stekt og røykt form. Den som ikkje kan filetere kan og sjå på dette innimellom servering.

Kom innom på søndag da - har du ikkje fiskestang/mark/utstyr låner du dette gratis av oss.

Jonas Hamre med størst fisk i 2023

Harald Ranum