Jaktkort for rype og orrfugl er ferdig trekt og fordelt
Alle jaktkort for småvilt (rype) og orrfugl er trekt- Det er fordelt og no har alle takka ja slik at det ikkje er fleire kort att.
Etter rypetaksering vert det take stillng til evt utvida kortsal - det kan då bli aktuelt med “første mann til mølla” via inatur.no dersom det opnes for fleire kort. Dette kjem det svar på etter neste fjellstyremøte som er sett til 2. september 2024. Då vert og evt kvoter fastsett.
Det vil i september og bli take stilling til evt omfang på treningskort som opner 05. oktober - dette kjem ein attende til.
Då får ein håpe på ein fruktbar sumar som gjev gode forhold for småvilt - slik at det kan bli ein spennande haust.