Fortsatt båndtvang

Hunder kan berre vere lause når dei blir følgt og kontrollert på ein aktsam måte. Det er ordinær bandtvang i tida frå og med 1. april til og med 20. august.

Vestre Slidre kommune har og ei lokal forskrift om hundehald som mellom anna angir forlenga bandtvang i område der bufe har rett til å beite og faktisk beitar frå og med 21. august til og med 10. oktober.

https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2010-06-10-993

Utdrag frå vedteke forskrift:

§ 2.Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite

I Vestre Slidre kommune er det, i tillegg til ordinær bandtvang f.o.m. 1 april t.o.m. 20. august, utvida bandtvang f.o.m. 21.august t.o.m. 10. oktober.

Dette gjeld områder der dyr har rett til å beite og faktisk beiter.

§ 3.Bandtvang i område av omsyn til menneske

Det er bandtvang i alle lysløyper og 3 og 10 km på Vaset. Dersom hund er med skal hunden ikkje vera til hinder for andre brukarar.

Det er bandtvang heile året på tettstader, bustadområde, område regulert til offentlege formål, og tilrettelagde friluftsområde.

§ 4.Område der hund ikkje har, eller har avgrensa tilgang

Hund har ikkje tilgang til barnehage, skuleområde, kyrkjegard eller offentleg bygg utan avtale mellom hundeførar og den ansvarlege for bygget.

Dette punktet omfattar ikkje tenestehund, og førarhund for blinde eller svaksynte.

Den utvida bandtvangen med omsyn til beitedyr i perioda frå og med 21. august til og med 10. oktober gjeld ikkje for hundar brukt i jakt, jakthundtrening og jaktprøver jf. hundeloven § 9 første ledd bokstav f.

Harald Ranum