Rypetaksering er i gang

Rypetaksering godt i gang

Vi starta opp rypetaksering i førre veke. Vi har totalt 26 linje-traseer som vert taksert frem til og med neste helg (t.o.m18/8). Deretter må resultatet bereknast av Høgskulen i Hedmark, og ein får då eit anslag på kor mange ryper ein kan ta ut i haustens jakt.

Det er sett opp fjellstyremøte i slutten av August som vil avgjere jaktuttaket, og dersom det vert eit godt resultat vil ein kunne tildele fleire kort. Det vert presisert at vi da nytter den ventelista vi har etter opphavleg trekning, og tildeler etter denne.

Om det blir forlenga jakt etter 5. oktober vil også verte avgjort i det fjellstyre-møtet.

Dei som takserer har eit særskilt dekken som det står FJELLSTYRE, TAKST på. Det er berre dei som har slikt dekken på hunden sin som takserer for oss, dette til info.

Då får ein vente litt i spenning på resultatet...

Harald Ranum