Rusefiske i Storfjorden

Fjelloppsynet har sett ut 2 storruser i Storfjorden. Desse er plassert på følgjande stader:

Hanafjorden
Fauskehaugen

Målet er å ta ut så mykje abbor som mogleg. Dette for å kunne gje betre vekstvilkår for ørreten.

Ein ber alle som køyrer båt/fiskar om å ta omsyn til desse, og halde seg eit stykke unna. Dersom eks ein motor lager hull, vil desse ikkje lenger virke.

Til info tok ein ut ca 450 kg abbor i 2023, ein håper på meir nå i 2024.

Fyrste opptak av rusa skjer fredag 31. mai - så om nokon vil ha gratis abbor til privat konsum deler me ut dette. Avtal direkte med Kenneth på tlf 90921654.

plassering av storruse (dette kan endre seg gjennom sesongen)

Storrusa ved Hanafjorden

Harald Ranum