Fiskedag med 6. klasse

Vestre Slidre jeger og fiskarlag saman med fjellstyret arrangerte fiskedag med 6. klasse onsdag 5. juni. Dette er ein fast tradisjon gjennom fleire tiår, og er ein del av fleire samarbeidsprosjekt me har saman med Vestre Slidre skule.

Det legges opp til trekking av garn- som er satt dagen før. I tillegg instrueres det i stangfiske – båe slukfiske og meitefiske. Målet er å kunne servere fersk fisk, som er filetert. Erfaringsvis er mange born skeptisk til fisk, men er den filetert fri for skinn og bein og steikt i godt smør samt rulla i mel/salt/pepper er det utroleg kor mykje fisk desse barnekroppane klarer å ete…

 

Uheldigvis hadde me regnver med snø i lufta. Det la seg snø på dei nærliggande toppane. Det var og ein del vind, så det vart ein kald dag. Dermed etter nokre timar fann me ut at den enklaste avslutninga ville vere å flytte oss til Buarånbue (den nye fjellstyrebua som ligg i nærleiken). Der hadde me allereie fyra opp, og det var og fyra opp i badstua. Det vart hasteinnkjøpt reservemat – og plutselig kunne me servere «fiske-pølse» : fullstendig fri for fiskebein! Med ketchup/sennep og lompe.

 

Denne reserveløysinga vart ein god avslutning på turen, då alle vart båe mette og varme. Ein gjeng sprang inn og ut av badstua – og hadde det moro. Avslutningsvis hadde me ein utlodding av premier – masse fiskeutstyr som ein håper vil bli brukt i framtida.

Takk til Vestre Slidre skule som let oss få ta med denne trivelege gjengen på fisketur, og som har vore med på denne tradisjonen i 20 år!

 

Neste år er det ny klasse – og då har me bestilt betre vær (og meir fiskelykke)

 

Prosjektet er gjennomført med støtte frå Miljødirektoratet

Utdeling av premier

Oppvarming i fjellstyrehytta “Buarånbue” - alle venter på pølse-fisk (med lompe)

Harald Ranum