Turmål 2024

Turmål for 2024 er ferdig avklart. Det er valt eit heilt nytt turmål i år: “Hamrisbakkadn”. I tillegg er det dei vanlege faste som Kruk/Grønsennknippa/Gråkampen. Resten rullerer blant tidlegare toppar.

Det er prøvd fordelt passe jevnt ut over heile kommunen, samt ulik lengde på turane.

Det er stadig færre som leverer turskjema, så ein er litt usikker om dette fortsett mange år fremover. Men sidan det er 20 års jubileum i år, vel ein ihvertfall å køyre dette ut i år.

Turmål plakatane er i ferd med å bli sett ut. Minner om at offisiell oppstart er 23. juni - det er ikkje garantert at det er sett opp turmål-plakat før denne dato.

Du finner papirskjema HER, og detaljkart for alle turane finn du her
Du må fylle inn den koden som står på oppslaget på toppen du går til.

Det er og mogleg å delta med “digitalt skjema” istaden for papirkopien. Ein nytter då appen “Norgeskart” - som innehar ein funksjon som heiter “Telltur”.

Dette er ein gratis app (holder med gratisversjon for å nytte Telltur). Denne kan lastas ned via følgjande QR kode:

Apple sin versjon:

Her er Android sin versjon

Kos dere på tur!

(Papirskjema kan hentast på Intersport - Vaset eller i Vestre Slidre kommune sin resepsjon.)

Harald Ranum